lørdag 31. oktober 2015



Søv du igjen   kva er gale   
Ikkje noko er gale   det er inga sol   
det er årstida   
eg ville latt deg sove lenger   
men eg såg deg   
i ein reveprosesjon   
når eg låg her   
revane framførte   
eit slags ritual   
rimfrosten på marka   
dei pusta og laga   
sirklar med potane   
jordsmonnet   
eg trur det var ein som skulle dø   
dei andre skulle be om   
nye porselensauge    



Fra side 33 i diktboka Systrer kan bli like gamle av Juliane Rui.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Trivsel!

Høsten kommer sent i Alabama